Drift og vedlikeholdsingeniør automasjon/svakstrøm ITB
Teknisk Haugesund sjukehus · HAUGESUND
posted 15h ago, verified live
Key factors at a glance
- Seniority
- —
- Experience
- —
- Work mode
- —
- Salary
- Not stated
- Required working language
- Not stated
Company hiring signal
See whether Teknisk Haugesund sjukehus is scaling up or slowing down, from its posting history.
Original posting
NorwegianHelse Fonna søker ein drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon, svakstrøm og ITB. Som drifts- og vedlikehaldsingeniør innan automasjon og svakstrøm/ITB i Helse Fonna vil du ha ansvar for drift og vedlikehald av automatiserte system og integrerte tekniske bygningsinstallasjonar (ITB) ved Haugesund sjukehus og dei distriktspsykiatriske sentera på Haugalandet. Dei automatiserte systema i føretaket, saman med dei ulike sentrale driftskontrollanlegga (SD-anlegga), overvakar, styrer og regulerer dei fleste bygningstekniske installasjonane i eigedommane våre. Vi ser fram til å motta søknaden din! Kva går jobben ut på? Kontroll, feilsøking og utbetring på automatiseringssystem og svakstraumanlegg. Tilstandskartlegging av tekniske anlegg og systemer. Reparere, skifte ut, justere og kontrollere komponentar som inngår i automatiserte anlegg. Kontroll og funksjonstesting ved overtagelse av ulike prosjekt/tiltak knytt til automatisering og SD anlegg/system, av dette retningslinjer, rutinar, prosedyrar, dokumentasjon og opplæring. Kontrollere, oppdatere og vidareutvikle prosedyrar og rutinar for bruk i drift og vedlikehald. Følgje opp og bidra til vidareutvikling av føretakets IK innanfor fagområdet. Delta i tverrfaglege vedlikehaldsteam. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Utdanning som automasjonsingeniør eller teknisk fagskule med relevant fagbrev eller meisterbrev. Nyutdanna kandidatar blir òg oppmoda til å søke. Erfaring innan drift, reparasjon, vedlikehold og feilsøking på industrielle og andre automatiserte lavspenning eller SD anlegg. Erfaring med IT baserte verktøy. Gode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Hos oss er det viktig at du: har motivasjon og interesse for fagfeltet kan arbeide godt både sjølvstendig og i team har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik Personlege eigenskapar blir vektlagd. Vi tilbyr Spennande og varierte oppgåver i eit utfordrande og triveleg miljø. Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vitnemålsportalen Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Harald Lunde, Avdelingsleiar, +47 413 36 655, harlun@ihelse.net Sokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 418 63 512, sokkas@ihelse.net Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5194297919 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.11.2026
Shown in its original Norwegian. To apply, continue to the company's own page.